Det europeiske fredsprosjektet
Fredag 9. desember 2011 hadde Finn Langeland eit innlegg i Bergens Tidende der han fokuserer på EU som fredsprosjekt. Og årsaka til at eg hugsar dette så godt, er at eg same dag sat i bilen og tenkte akkurat det: Har vi heilt gløymt at freden i Europa heng saman med den europeiske integrasjonen? Langeland skildrar Europa som «krigens og undertrykkelsens kontinent». Og det er ikkje meir enn 15-16 år sidan krigshandlingane stansa i Bosnia, etter ein lang periode med krig på Balkan. Ser vi føre oss at det kan bli krig til dømes mellom Romania og Tsjekkia neste år? Eller krigsliknande uro i dei baltiske landa?
I den grad nordmenn har vore i tvil om EU, meiner no hovudstraumen at vi bør halde oss langt unna. Dette ser ut til å vere mest økonomisk motivert; Eurokrise, statleg finanskrise i fleire av dei viktige EU-landa, verkar ikkje særleg freistande på oss skandinavar. Vi er trass alt «skikkelege», passar pengane våre, legg opp vinterlager for magrare tider, har høgt engasjement for fred og miljø, og er elles kjekke og greie. Ein slags europeisk Kardemomme By med store oljeressursar. Kvifor skal vi sleppe til menneske som stort sett tenkjer «manjana», som kastar søppel over skuldra, har sommar heile året, og som ikkje betalar skatt?
Vi snakkar lett oppgitt om eit Hellas som manglar noko så vesentleg som ei oversikt over kven som eig kva, det vi i vårt land kallar ei grunnbok. Eller om Berlusconi, og italienarar som ikkje greier å velje ei respektabel regjering. Og som ei følgje av dette: Skal vi verkeleg finne oss i ulike pålegg som måtte komme frå EU eller EØS? Folk flest tenkjer på agurkformer og andre vandrehistorier, og ristar på hovudet. Og vi i offentleg sektor er ikkje betre; er der reglar som er vanskeleg å kommunisere til andre, og som i tillegg verkar litt ulogiske, er det svært sannsynleg at dette har noko med EU/EØS å gjere.
Difor vert det no også også stilt spørsmål ved EØS-avtalen, fordi den med sitt vesen pressar på oss regelverk og pålegg som vi etter mange si meining ikkje har bruk for. Vi kan med andre ord leve godt utan.
EØS er «EU light», men har det til felles med EU at det vert bygt eit regelverk som skal verne menneske mot overgrep og sikre fridom. Dette vert det snakka lite om, og eg meiner det er vesentleg for balansen i argumenta.
Frå mitt eige yrkesliv har ein av frustrasjonane vore ulike standardar på dører, vindauge, målestokk, ei uendeleg rekkje med saker som er etablerte som reine handelshindringar. Dette er eit av dei viktigaste satsingsfelta til EU, og eit av dei områda dei slit mest. Likevel er mykje gjort, og også dette er tiltak for å verne konsumenten mot for høge prisar som følgje av monopolstilling.
I noverande stilling er EØS-regelverket, vakta nøye av ESA, som gir mest grunn til irritasjon og grå hår. Igjen er det reglar som er skapte for å unngå korrupsjon og kompis-regime. Det kan høyrest ut som om dette ikkje finst her på berget. Det gjer det, og i nokre bransjar vert det hevda at vi er mellom dei verste.
Ungarn er landet der dei ekstreme høgrekreftene ser ut til å vere best utvikla. Rapportane derifrå er skremmande, og situasjonen minner veldig mykje om den som let nasjonalsosialistane komme til makta i Tyskland. Ulikskapen er lengre fartstid med demokrati, og EU.
Men det synest som om dette ikkje er viktig for oss, la oss halde Europa unna pengane våre. Utan ein god EØS-avtale er eg redd vi held dei unna varene og tenestene våre også?.. Inntil vidare får politikarane våre klapp på skuldra for å bygge opp barrierar mot EU.